Den framtidige lærars litterære kompetanse
I denne oppgåva
skal eg presentere ein sjølvvalt fagfellevurdert artikkel. Før arbeidet med
denne oppgåva starta var eg ikkje klar over kva ein fagfellevurdert artikkel
var. Etter å ha delteke på litteratursøkekurs fekk vi ei innføring i korleis vi
best søkjer på litteratur, samstundes som vi blei kjend med omgrepet
fagfellevurdert artikkel. Det er altså ein vitskapeleg artikkel som har blitt lest,
vurdert og godkjent av andre forskarar på same fagfelt før den har blitt
publisert i eit vitskapeleg tidsskrift (Kildekompasset, 2015, 21.04).
Den
fagfellevurderte artikkelen eg har valt å presentere fant eg gjennom oria.no.
Ved hjelp av søkjeordet «litteraturundervisning» kom eg til slutt over denne
fagfellevurderte artikkelen: Lærerstudenten
som leser – en undersøkelse av litterære erfaringer hos en gruppe norske og
svenske lærerstudenter. Forfattarar av denne forskingsartikkelen er Beret
Wicklund, Ann Sylvi Larsen og Gunilla Vikbrant. Vidare vil eg presentere denne
artikkelen og deretter avslutte med å vise korleis den er relevant for emnet
NORD2600.
Innhaldet i
denne fagfellevurderte artikkelen omhandlar ein studie av norske og svenske
lærarstudentars leseerfaringar. Gjennom forskinga problematiserer dei
lærarstudentars litterære kompetanse innan litteratur og dei utfordringane
lærarutdanninga står ovanfor. Denne studien er eit resultat av eit
samarbeidsprosjekt mellom lærarutdanna i morsmålsfaga i nordiske land, gjennom
Norplus-prosjektet. Formålet til Norplus-prosjektet er å fremme språk- og
kulturforståing, litteraturlesing og undervisningskompetanse blant nordiske
lærarstudentar. I denne artikkelen ser vi korleis det er ein tydeleg tendens at
lærarstudentar er mindre aktive lesarar jo lågare klassetrinn dei kvalifiserer
seg for å undervise på. Mange av lærarstudentane er positive til lesing, noko
dei helst gjer for opplevingas skuld. Meir avansert litteratur og klassikarar,
utforskande og reflekterte tilnærmingar til litteratur er det mangel på
erfaringar rundt (Wicklund, Larsen & Vikbrant, 2016. s.119).
Kva søkjer så denne artikkelen svar på?
Spørsmåla denne
forskingsartikkelen forsøkjer å svare på er nært knytt til litterær kompetanse,
og kva ein kan forvente av dagens lærarstudentar når det gjeld leseerfaringar.
Er det viktig at lærarar i norsk- eller svenskfaget er engasjerte lærarar? Om
svaret kjem frå ein lærarstudent som meg eller frå faglitteraturen, vil ein
uansett få eit klart ja. Lærarens engasjement er generelt viktig i den vidare
leseopplæringa i morsmålsfaget. Å utvikle elevens evne til å lese litteratur,
det ein kallar «litterær kompetanse» er skulens arbeid (Wicklund, Larsen &
Vikbrant, 2016, s. 120). Teksten spør difor vidare: «Hvilke erfaringer har
kommende grunnskolelærere med skjønnlitteratur? Er de engasjerte lesere og hva
slags litterær kompetanse har de?» (Wicklund, Larsen & Vikbrant, 2016. s.120).
For å få svar på desse spørsmåla studien og artikkelen stil, brukar
forfattarane av artikkelen kvalifiserte kjelder rundt litterær kompetanse. Mange
av kjeldene dei viser til er kjende for meg som nordisk-student, nokon av dei
er til og med på litteraturlista for NORD2600. Dei viser blant anna til Litteraturundervisning
i ungdomsskulen (2013) av
Kjelen, som viser kva norsklærarar på ungdomsskulen forankrar undervisninga si
i. Vidare forstår dei litterær kompetanse utifrå Culler (2002) sin definisjon, å lese tekstar som litteratur. Denne form for lesing
føresett at lesaren kjenner tradisjonen, kulturen og dei litterære
konvensjonane, noko vi sosialiserast inn i gjennom gjentekne møter med
litteratur. Culler (2002) hevdar at litterær kompetanse er noko som må lærast.
Ei anna kjelde artikkelen inkluderer er Hennig (2002), som delar litterær
kompetanse i fire ulike komponentar og knytt desse til kompetansemåla i skulens
norskfag. Kunnskap om tekst, kunnskap om kontekst, kunnskap om lesing og til
slutt, litterær leseferdigheit (Culler, 2002). Seinare vil eg vise korleis
desse kjeldene samsvarar med litteraturlista for NORD2600, gjennom blant anna
Penne (2013) og Blau (2003).
Studien kvilar på eit empirisk grunnlag basert på 124 ulike
lesehistorier frå ulike grunnskulestudentar i Norden. I desse lesehistoriene
blei studentane bedd om å dele sine leseminner og møte med litteratur frå
barndommen og fram til studiestart. Resultata viste eit klart skilje mellom
lærarstudentane på barneskule- og ungdomsskule. Samstundes viser resultata at lærarstudentane
kjenner gamal barnelitteratur godt, men at dei som framleis les, held seg til
eit noko smalt utval av sjangrar, der bestselgarar dominerer. Her kan eg vere
så ærleg å seie at eg kjenner meg att i utsegna. Vidare bekreftar studiet også
Kjelens (2013) slutning om at lærarstudentar har få litterære erfaringar.
Dei ulike funna denne artikkelen har gjort kan ein stille seg noko bekymrande
til. Lesehistoriene gir eit godt bilete av kva sider av litterær kompetanse
studentane opplev som meiningsfulle og er kjent med, som viser til studentanes
lesekompetane. Hennig (2002) som Blau (2003), framhevar at lesing av tekstar
som utfordrar og som er tvitydige er ein viktig del av litterær kompetanse.
Denne forma for litterær kompetanse ser ein svært få tilfelle av gjennom
lærarstudentanes lesehistorier. Litteraturen knytt til NORD2600 støttar på
denne måten godt opp mot artikkelens hovudfunn. Dette vil eg no sjå nærmare på,
korleis er denne artikkelen relevant for emnet NORD2600?
Nøkkelorda lærarutdanning, fritidslesing, leserolle, litterær
kompetanse og litterær erfaring skildrar innhaldet av den fagfellevurderte
artikkelen eg akkurat har presentert for dykk. Desse nøkkelorda vil eg òg seie
er med på å skildre NORD2600 og litteraturen knytt til emnet. På denne måten
blir denne fagfellevurderte artikkelen svært relevant. Eg vil difor plukke ut
nokre tekstar på litteraturlista til NORD2600 og vise til konkrete samanfall. Sylvi
Penne skriv i Skjønnlitteraturen i skulen
i eit literacy-perspektiv (2013) at elevar på vidaregåande manglar
leseerfaring. Dette kan ein tenkje seg heng saman med forskingsresultatet til
den fagfellevurderte artikkelen. Ein såg i denne forskinga at nettopp
lærarstudentane mangla ei vid tekstkompetanse.
Vidare viste forskinga i den fagfellevurderte artikkelen at litterær
kompetanse utviklast gjennom konkret og praktisk arbeid med litterære tekstar,
gjennom nærlesing og litterære samtalar, der formålet er at studentanes
personlege tolkingar kan utviklast gjennom tolkingsfellesskap (Wicklund,
Larsen & Vikbrant, 2016, s. 130). Her
vil eg igjen trekke fram Blau (2003) frå litteraturlista til NORD2600. Blau
presenterer i The Literature Workshop.
Teaching Texts and Their Readers (2003) det han omtaler som «mogleggjerande literacy», der han skildrar
viktigheita av at studentane individuelt og saman kan kome fram til tolkingar
av tekstar. Poenget til Blau er at lærarane ikkje må overlevere tolkingar, der
studenten oppfører seg som kunde av litterære tolkingar heller enn å produsere
dei sjølv. Studentane vil derimot kunne utvikle sin litterære kompetanse
gjennom eit tolkingsfellesskap der ein har moglegheit til å prøve og feile.
Nettopp dette meiner den fagfellevurderte artikkelen er viktig, studentane
treng konkrete erfaringar med at utforskande tolmodig lesing kan vere både
spennande og lærerikt (Wicklund, Larsen &
Vikbrant, 2016, s. 131). Nettopp dette støttar Blau sin tankegang.
Ei anna vinkling eg vil vise i forhold til denne fagfellevurderte
artikkelens relevans, er rett og slett viktigheita av emnet NORD2600.
Litteraturen vi som studentar blir presentert for i NORD2600 omhandlar nettopp
desse nøkkelorda som summerer den fagfellevurderte artikkelen. På denne måten
kan ein tenkje seg at dette emnet, som ein del av lektorutdanninga er med på å
bevisstgjere oss lærarstudentar og samtidig byggje opp vår litterære kompetanse.
Den fagfellevurderte artikkelen problematiserte nettopp dette, dei
utfordringane lærarutdanninga står ovanfor ved lærarstudentars manglande
litterære kompetanse. Som student i emnet NORD2600 vil eg seie at emnet er med
på å bevisstgjere mine tankar rundt litterær kompetanse og ikkje minst betre
min litterære kompetanse som lærarstudent. På denne måten vil eg seie at dette
emnet er med på å utdanne litterært kompetente lærarstudentar.
Litteraturliste:
Blau, S. (2003). The Literature
Workshop. Teaching Texts and Their Readers. Portsmouth, NH: Heinemann.
Culler, J.
(2002). Structural Poetics:
Structuralism, Linguistics and the Study of Literature. London: Routledge.
Hennig, Å.
(2010). Litterær forståelse. Oslo:
Gyldendal akademisk.
Kjelen, H.
(2013). Litteraturundervisning i
ungdomsskolen. Kanon danning og kompetanse. Doktorgradsavhandling.
Trondheim: NTNU, Det humanistiske fakultet, Institutt for språk og litteratur.
Kildekompasset.
(2015, 21.04). Hva er en fagfellevurdering? Henta frå http://kildekompasset.no/kildekritikk/ord-uttrykk/hva-er-fagfellevurdering.aspx
Penne, S. (2013). Skjønnlitteraturen i skolen i et literacy-perspektiv.
I D. Skjelbred og A. Veum (red.) Literacy
i læringskontekster. Oslo: Cappelen Damm.
Wicklund,
B., Larsen, A.S. & Vikbrant, G. (2016). Lærerstudenten som leser – en undersøkelse av litterære erfaringer
hos en gruppe norske og svenske lærerstudenter. Nordisk
tidsskrift for pedagogikk og kritikk, 2(1), 119-132
Inger Line Berdal
Du har valgt en ”annerledes” åpning hvor du skriver litt om fagfellevurdert artikkel og ditt forhold til dette, spennende. Fin oppbygning ved at du først skriver om hvilket forskningsgrunnlag artikkelen hviler på, og deretter presenterer hva artikkelen søker svar på. Det at du stiller spørsmålet høyt (”Kva søkjer så denne artikkelen svar på?”) tydeliggjør overganger og skaper en rød tråd.
SvarSlettDu er tidlig ute med referere til emnet NORD2600, hvor du skriver at du kjenner igjen mange av kildene brukt i den fagfellevurdert artikkelen, og du viser eksempler på teoretikere, bra. Du vier stor plass mot slutten av teksten din til å utdype relevansen artikkelen har for emnet gjennom noen teoretikere fra pensumlisten, jeg synes det er bra at du bruker så mye plass og tid på dette, da denne koblingen jo er noe av det vesentlige ved oppgaven. I tillegg gir det tyngde og troverdighet til ditt valg av artikkel og din skrevne tekst. Det er også fint at du i tillegg viser relevansen artikkelen har for selve emnet NORD2600 og emnebeskrivelsen.
Kunne du utnyttet bloggmediets potensial mer? Bruke for eksempel et bilde, en graf (statistikk av noe slag), eller en figur? Dette ville gjort teksten enda mer leservennlig.
Du har tatt oppgaveteksten på alvor, og svarer på alle punkter den ber deg om.
Her kommer noen merknader:
• Avsnitt 3, linje7-8: Denne setningen ville jeg skrevet om: ”jo lågare klassetrinn dei kvalifiserer seg for å undervise på”. Blir det riktig å bruke ordene ”for” og ”på”?
• Avsnitt 7, linje 7: Denne setningen ville jeg delt i to, sett heller punktum etter ”på”, i stedet for komma: ”Dette vil eg no sjå nærmare på, korleis er denne artikkelen relevant for emnet NORD2600?”
• Avsnitt 10, linje 1: Blir det riktig å bruke ”i forhold til” her? Setningen du skriver er ikke et sammenlikningsuttrykk, så jeg tror jeg ville byttet ut med f.eks. ”når det gjelder”.
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettHei Inger Line! Her er det mye bra, men jeg har også noen spørsmål.
SvarSlettJeg vet ikke om jeg synes det er kjemperelevant å presentere at du ikke vet hva en fagfellevurdert er, og skal du kutte noe ville jeg kanskje gjort det her. Innledningen er ellers kjempefin, men den blir kanskje noe akademisk oppgave-preget? Det er en veldig god oppgave, men den blir kanskje for formell, både i språk og struktur, for bloggmediet slik den framstår i dag? Vi har ikke fått noen føringer for hvordan bloggene skal være, så dette baserer seg kun på følelsen jeg har for mediet.
Du kobler kjempefint med personlige erfaringer igjennom teksten, dette liker jeg! Mer av dette!
Sammenligningene med tekster fra NORD2600-artikkelen er god, og jeg er enig med Ingrid i at å bruke plass på dette er lurt. Synes de to siste avsnittene er tydelige og klare på hvorfor artikkelen er relevant, og hvorfor refleksjoner rundt emnets temaer er relevante og viktige. Særlig for oss fremtidige lærere.
Jeg kunne tenkt meg mer om hvordan skillene mellom barne- og ungdomsskolelærere så ut, du skriver bare at det er store forskjeller, og jeg ønsker eksempler. Hvordan viser artikkelen disse forskjellene? De som fortsatt leser, preges de av at de er barne- eller ungdomsskolelærere, eller var det bare generelt?
Ellers har Ingrid påpekt noen språkmerknader, som jeg også stiller meg bak :)
Det er mye godt arbeid, og du har masse potensiale i oppgaven!
Bloggkommentar fra Inga Marie Hansen Hoøen.
SvarSlettJeg synes at blogginnlegget ditt har en fin overskrift og en god innledning. Overskriften er spennende og gjør at man ønsker å lese videre. Det er fint at du starter med å definere hva en fagfellevurdert artikkel er og hvordan du har funnet artikkelen. Dette er relevant for oppgaven.
Jeg synes også at innlegget har en god flyt der du har klare og gode overganger mellom de ulike avsnittene. Jeg ser også at du bruker "meg" flere ganger og refererer til egne erfaringer. Dette er veldig fint siden dette er et blogginnlegg og skal være litt subjektivt.
Du presenterer artikkelen på en ryddig og god måte. Det er veldig fint at du summerer opp med noen nøkkelord før du forklarer hvorfor artikkelen er relevant for emnet. Jeg synes at innlegget du har skrevet er et godt og grundig svar på oppgaven, der du har et klart fokus på det oppgaven spør etter hele veien. Du bruker flere relevante kilder fra pensumlista, noe som viser god argumentasjon for at teksten er relevant for emnet.
Siden dette er en blogg kunne det vært fint med noen bilder eller lignende, men jeg skjønner at dette kan være vanskelig i en slik type oppgave. :)
Hei Inger Line,
SvarSlettEn interessant artikkel med relevant innhold som er godt presentert. Innledningen var litt forvirrende fordi du starter med å forklare hva en fagfellevurdert artikkel er; jeg trodde du mente at den fagfellevurderte artikkelen var publisert via Kildekompasset.no. Kanskje du kan vurdere å rokkere om på rekkefølgen, slik at en opplysende kommentar om hva en fagfellevurdert artikkel er, kommer på et seinere sted i teksten. Bare et forslag. Du skriver at «lesing av tekstar som utfordrar og som er tvitydige er ein viktig del av litterær kompetanse. Denne forma for litterær kompetanse ser ein svært få tilfelle av gjennom lærarstudentanes lesehistorier» Jeg undrer på hvem som bestemmer hvilke tekster som klassifiseres som tvetydige og utfordrende? I og med at Kjelen (2013) sier at lærerstudentene først og fremst leser bestselgere, er det tydeligvis ikke slik at tvetydig og utfordrende litteratur er å finne blant bestselgerne…? Du skriver også at Penne (2013) skriver at elever på videregående mangler leseerfaring, og så skriver du at dette kan tenkes å henge sammen med det Wicklund, Larsen og Vikbrant presenterer i sin artikkel. Det tror jeg også, og jeg vil gjerne at du forklarer hvordan du mener at dette henger sammen.
Lykke til med det videre arbeidet med teksten!
Vennlig hilsen Heidi Brøseth