Alternativ C – norsk og multiliteracy
Bruk den multimodale analysen frå økta den 6.
september som utgangspunkt for å skrive eit blogginnlegg der du diskuterer kva
retorikk kan brukast til i arbeidet med å utvikle elevars multiliteracy. Bruk
relevant pensumlitteratur som støtte for diskusjonen, t.d. Løvland 2010, Jewitt
2016 og/eller Liestøl m.fl. 2009 (ev. også Jonas Bakkens Retorikk i skolen).
Retorikk i elevars utvikling av multiliteracy
Dagens
samfunn er ikkje det same som då våre foreldre vaks opp. Dagens samfunn er til og
med noko forandra for skuleelevar, frå det samfunnet eg som 22-åring vaks opp
med. Kommunikasjonsforma har endra seg i takt med den teknologiske utviklinga.
Omgrepet «visual turn» blir ofte nytta som eit bilete på korleis
kommunikasjonsforma har endra seg frå å eintydig handle om det verbale språk,
til også å ha eit fokus på det visuelle. Løvland (2010) meiner at multimodale
tekstar er vår tids kommunikasjonsform. Det meiningspotensialet som ligg i å
kombinere verbalspråk, lyd og bilete har lenge vore nytta av ulike mediar.
Ein ser
i dagens samfunn ei utvikling av det tradisjonelle omgrepet literacy. Den
tradisjonelle forståinga av literacy som lese- og skrivekyndigheit, samt å
reflektere og kunne vurdere tekst, blir gjennom omgrepet multiliteracy noko
breiare. Globaliseringa har vore ein faktor som har påverka literacy-omgrepet,
og dermed ført omgrepet multiliteracy inn på bana (Skjelbred & Veum, 2013).
Forskargruppa The New London Group
lanserte «multiliteracy» i 1996 for å framheve to sentrale aspekt ved det
moderne samfunnet. For det første må literacy ta innover seg det kulturelle og
det språklege mangfaldet som eksistera i ei stadig meir globalisert verd. For
det andre må literacy-pedagogikken ta omsyn til mangfaldet av tekstar og dei nye
kommunikasjonsformene som ei følgje av den teknologiske utviklinga, som nemnt
over (Skjelbred &Veum, 2013).
Elevar i
skulen møter multiliteracy kvar dag. Den største didaktiske utfordringa for skulen
er ikkje å utvikle elevars tekniske eller skapande ferdigheiter. Utfordringa for
lærarar ligg heller i det å skape bevisstheit og evne til kritisk tilnærming,
både til eigen og andre sitt bruk av semiotiske ressursar og multimodale
tekstar (Skjelbred & Veum, 2013). I Læreplanen Kunnskapsløftet, under norskfagets
hovudområder kan vi lese: «Samansette tekstar er ein naturleg del av dei
tekstane elevane skal lese og utforme» (Kunnskapsdepartementet, 2013, s.3). Korleis skal
vi som lærarar klare å utvikle elevars multiliteracy? Retorikk er mitt svar i
denne omgang, vidare vil eg difor diskutere korleis retorikkens omgrepsapparat
kan vere til hjelp i å skape bevisstheit og evne til kritisk tenking. Bakken
(2014) presentera ei retorisk analyse ein kan ta i bruk på samansette tekstar,
denne vil eg diskutere. Det er viktig å spesifisere at retorikkens verkty må
vere noko kjent for elevane for at dei skal vere til hjelp. Om elevane ikkje er
godt kjent med retorikkens verkty, vil det vere unødvendig å presentere retorikk
og denne form for analyse.
Retorikk
som verkty kan hjelpe elevane til å få eit nyansert blikk på multimodale
tekstar. Dei ulike retoriske omgrepa kan gi innsikt i korleis mangfaldet av
tilgjengelege semiotiske ressursar blir utnytta til å løyse ulike kommunikative
oppgåver. Dei retoriske omgrepa vil kunne bidra til auka tekstforståing og
elevane kan dermed bli i stand til å «gjennomskue» multimodale tekstar, gjennom
nøye retorisk analyse. Gjennom den retoriske analysemetoden som er bygd opp som
ein serie spørsmål ein kan stille til teksten, vil elevane bli bevisste kva grep
som blir brukt i formidlinga av den kommunikative multimodale teksten.
For å
gjere det klarare korleis retorikken kan vere til hjelp, har eg tatt med ein
samansett tekst som eg vil vise til. Det er viktig å påpeike at omgrepet tekst
kan vere så mangt, i denne situasjonen har eg valt ein Plan-plansje som er satt
saman av fleire modalitetar. Den retoriske analysen vil kunne setje i gang
tankeprosessen rundt den samansette teksten, som i dette tilfellet er reklame
for Plan-fadder. Analysen kan fungere som ein leseinstruks, noko som kan vere
med på å forhindre lesestopp hos elevane. På denne måten kan ein tenkje seg at
dei fleste elevar vil føle meistring. Elevane blir aktiverte, dei må ta
stilling og vurdere ved bruk av denne analysen, noko som vil forsterke deira
kritiske evne. Retorikkens omgrep vil og føre til at oppgåva blir meir konkret,
noko handfast, som kan vere til hjelp i startfasen av eit arbeid.
Ved å
nytte oss av den retoriske analysen vil elevane også kunne bryte ned teksten i
fleire delar. Dei ulike modalitetane i den samansette teksten får meining kvar
for seg, samstundes som heilskapen blir tydelegare. På denne måten kan elevane
få eit klarare bilete av heilskapen, etter å ha vurdert modalitetane kvar for
seg. Elevanes bevisstheit vil kunne bli klarare ved hjelp av retorikk, nettopp
ved å sjå del for del og forstå effekten av desse. Samstundes kan retorikkens
omgrep opne elevanes auge for det dei instinktivt ikkje såg. Ein kan altså bli merksam
på små modalitetars eigenskapar og deira verking, ved å ta i bruk retorikkens
analyse. Kva har fargane å seie for ditt inntrykk av Plan-plansjen? Kvar er dei
ulike bilete, skissar og logoar plassert i forhold til kvarandre? Slike
detaljerte spørsmål still retorikken, og kan bidra til å utvikle elevanes
kompetanse innan multiliteracy.
Som
vist vil eg seie at retorikk har ein effekt i det å utvikle elevars
multiliteracy. Men det finst kanskje nokre utfordringar og? Retorikken har
mange omgrep, mange små og detaljerte omgrep. Ein kan tenkje seg at det kan bli
for detaljert å følgje den retoriske analysen som Bakken presentera. Ved å sjå
på kvar minste modalitet i Plan-plansjen kan det ta fokuset frå sjølve formålet
ved plansjen. Truverdigheita til plansjen kan kanskje òg forsvinne gjennom ei
grundig analyse? Pathos, ethos og logos er omgrep som har stor betyding og kan
tydeleggjere bakgrunnen og meininga til teksten, men kanskje kan denne grundige
analysen skygge for kjensla vi først fekk i møte med Plan-plansjen? Elevane kan
med dette tenkje for materialistisk og «gjennomskue» verkinga.
Som
nemnt tidlegare føresett det godt forarbeid med retorikk før ein presentera eit
spørsmålsrepertoar som Bakken (2014) gjer på side 90-92. Om elevane derimot
kjenner til omgrepa innan retorikk, trur eg at dette kan bidra til utvikling av
elevars multiliteracy. Retorikk bidreg til å sjå heilskapen i delar. Ved å sjå
på kvar forskjellig modalitet kvar for seg, ser ein kva betyding det har for
heilskapen av inntrykket vårt. Slik kan elevane få nye nyansar og nytt blikk på
den samansette teksten. Retorikken bidreg til ei forståing rundt oppbygginga av
multimodale tekstar, elevars multiliteracy blir altså utvikla. Ein kan på ein
måte seie at retorikk legg fram sanninga bak poenget, elevar kan «gjennomskue»
kommunikative tekstar. Eg meiner at elevane gjennom bruk av retorikk kan forstå
betre si eiga forståing, noko som er med på å utvikle multiliteracy.
Inger Line Berdal
Litteraturliste:
Kunnskapsdepartementet. (2013) Læreplanen i norsk (NOR1-05). Oslo: Utdanningsdirektoratet. Henta frå http://www.udir.no/kl06/NOR1-05/Hele/Hovedomraader?lplang=nno
Løvland, A. (2010). Multimodalitet og
multimodale tekster. I Tidsskriftet viden
om læsning nr. 7, s. 1-5 Hentet fra: http://www.videnomlaesning.dk/media/1607/anne-lovland.pdf
Skjelbred, D. og Veum, A. (2013). Innledning –
Literacy i læringskontekster. I D. Skjelbred og A. Veum (red.) Literacy i læringskontekster, s. 11-25. Oslo: Cappelen Damm.

Bloggkommentar fra Ingrid Løken:
SvarSlettI innledningen har du med både teori og personlige referanser, dette er koblet sammen, spennende.
Fint med en definisjon av literacy, videre har du fin overgang til sammensatte tekster og retorikk, hvor du tydelig presiserer sammenhengen her. Jeg henger godt med!
Fint med eksempel, og til slutt skriver du om utfordringene/problemene ved retorikk og retorisk analyse. Utgjør en god drøfting.
Jeg savner litt fler personlige meninger, spennende å høre hva du tenker selv, eller om du har noen erfaringer rundt dette.
I avslutningen svarer du på spørsmålet i oppgaven, og du kopler retorikk til utvikling av elevers multiliteracy. Her skulle jeg gjerne fått enda litt mer informasjon om hvordan arbeid med retorikk bidrar til å utvikle elevers multiliteracy, kanskje utdype dette du skriver om at elevene kan forstå sin egen forståelse bedre.
Svært fine overganger, en tydelig rød tråd gjennom hele teksten hvor du evner å ha med deg leseren til enhver tid fra start til slutt.
Ingrid Løken
Hei Inger Line!
SvarSlettDu skriver veldig godt om problemstillingen rundt utvikling av multiliteracy, og jeg synes du kobler retorikken godt opp mot dette, stort sett. Teksten henger godt sammen og flyter. Det jeg ønsker er flere eksempler! Du skriver om ethos, pathos og logos, men hvordan kunne disse for eksempel blitt brukt i analysen av plansjen til plan? Hvor skal grensa gå for retorikkbegrep? Det finnes jo utrolig, utrolig mange detaljspesifikke og små begrep, skal elever kunne alle disse? Her hadde det vært veldig interessant med din subjektive mening. Dette åpner bloggsjangeren for, og er noe jeg savner. Det er bare i de siste linjene du kommer frem i teksten.
Språket ditt er klart og godt, og du forklarer uten å være nedlatende. Lurer på om det er lov å skrive verkty på nynorsk, eller om det er en skrivefeil x 2? Her må jeg innrømme at mine nynorskkunnskaper kommer til kort, hehe :)
Ellers, husk å oppgi kilde til hvor du fant bildet hen! Dette må vi være flinke til.
Sarah
Bloggkommentar fra Inga Marie Hansen Hoøen
SvarSlettDu har en veldig fin innledning som aktualiserer det du skal skrive om. Dette gjør at teksten virker mer spennende, og man får lyst til å fortsette å lese.
Jeg liker veldig godt at du trekker frem en konkret sammensatt tekst som eksempel, dette styrker argumentene dine. Det gjør det også letter å henge med i teksten. Du kobler argumentene dine til relevante kilder, noe som gjør teksten mer overbevisende. Gjennom klar kildebruk og god drøfting er det tydelig at du har kontroll over fagbegrepene.
Du har en fin avslutning med en klar konklusjon om hva du mener. Teksten er subjektiv, der du kommer med egne meninger. Dette er bra siden dette er et blogginnlegg. Teksten kunne kanskje blitt enda mer subjektiv, der du kommer med dine egne tanker gjennom hele teksten.
Hei! Eg tykkjer innlegget ditt startar veldig fint UNDER overskrifta, så da ville eg rett og slett kutta ut den innleiande biten (dvs. oppgåveordlyden) OVER overskrifta. Teksten din får klart fram kva som er målet med innlegget, så da er sjølve skriveoppdraget overflødig. Du kjem med gode didaktiske refleksjonar undervegs, og eksempelet du trekker inn, fungerer godt. Kanskje kan du hjelpe lesaren enda meir med å avklare kva vi eigentleg - heilt prinsipielt - meiner med "retorikk"? Elles har eg veldig sans for at du legg vekt på det som blir kalla "kritisk literacy", altså evna til å reflektere kritisk over alle slags tekstar. Denne dømmekrafta koplar nokre til "danning", og da er vi over på eit anna stort felt, men heilt overordna kan vi seie at å kunne forholde seg til tekst på ein tenleg måte handlar om danning.
SvarSlett